nodeimage

Korleis bli SuperHappy på femti minutt

Ei humorframsyning

Dato

26.januar

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 295,-

Korleis Bli SuperHappy på 50 Minutt

  • Ei humorframsyning om sjølvhjelp og sjølvmord

- Med Ingvild Marie Lien

 

I Korleis Bli SuperHappy på 50 Minutt spelar Ingvild seg sjølv. Eller spelar ho eigentleg ein annan? Kven er ho eigentleg? I forsøket på å bli den beste utgåva av seg sjølv, har ho kanskje eigentleg vorten den beste utgåva av nokon andre. Og vil ho eigentleg ha ein rød Ferrari eller er det Egoet hennar som ønskjer seg det? I denne framsyninga tek Ingvild eit oppgjør ned sin «Evil Twin», og testar ut forskjellige metodar i håp om å bli superhappy. Vi skal ikkje kimse av «veskelykke», men er det kanskje først i møte med døden vi lærer å setje pris på livet?

Sidan premiera på Haugesund Teater i februar 2018 har forestillinga spelt fleire stader og fått særdeles god mottaking – ståande applaus, fulle hus og gode kritikkar. Det er tydeleg at dette er eit tema som interesserer, og ei framsyning som engasjerer eit bredt publikum.

 

TERNINGKAST 6:

 «Det er en svært personlig og selvutleverende forestilling som elegant balanserer et tema det er vanskelig å snakke om. (…) Lien har publikum i sin hule hånd når hun blir personlig. Det er rent ut et imponerende arbeid av personlig karakter, tidvis røft og nakent og direkte i språket, og da er følelsene ikke langt unna.» – Radio Rjukan

 

Utgangspunktet var å lage ei humorframsyning der sjølvhjelpslitteraturen ville bli presentert i hurtigversjon. Undervegs i prosessen opplevde Ingvild at eksmannen, faren til to av barna hennar, tok livet av seg. Plutseleg blei tilværa snudd opp ned og ingenting kunne definerast på same måte som før. Også framsyninga blei prega av dette og tok ei heilt ny vending.

«Hvordan bli superhappy på 60 minutter» er i dag ei morosam, trist, finurleg og ærleg forestilling om jaget etter lykke og vellykkethet. Det er ei forestilling som tar opp tema som sjølvmord, einsemd og viktigheita av å gje plass til dei ulykkelege og uvellykka i samfunnet vårt.

Ingvild bruker sjølvhjelpslitteraturen opp mot sitt eige liv. Ho jobbar seg kronologisk gjennom hovudtrekka i sjølvhjelpslitteraturen frå dei greske filosofane og fram til i dag. Her ligg det eit stort komisk potensiale, og publikum i alle aldre kjenner seg igjen i Ingvild sitt ønske om å bli ein betre versjon av seg sjølv. Ingvild tar eit oppgjør med den indre stemma som heile tida fortel at du ikkje er god nok, og snakkar åpenhjerta om følelsane som fulgte sjølvmordet til eksmannen. Forestillinga er uforutsigbar og beveger seg frå det absurde og komiske til det såre og djupt menneskelege.

 

Skodespelar og opphavskvinne: Ingvild Lien

Regi: Vibeke Flesland Havre

Ein samarbeidsproduksjon med Haugesund Teater.

Framsyninga er også støtta av Fritt Ord.

 

Ord. 295,-

 

Facebookarrangement

 

Servering

Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00