Kunst og demens

Tilrettelagde omvisingar

Omvisingane er gratis og eit tilbud til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen forkunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi tar oss også tid til kaffipause og ein hyggeleg prat.

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdagen før omvisinga. Avgrensa plassar.

Tilrettelagde omvisingar hausten 2023:

Måndag 4. september: 11:30 – 13:30

Måndag 9. oktober: 11:30 – 13:30

Måndag 13. november 11:30 – 13:30

Måndag 11. desember 11:30 – 13:30