Kunst og demens – Tilrettelagd omvisning kl. 11:30 – 13:30

Kunst og demens – Tilrettelagd omvisning kl. 11:30 – 13:30

Landskap og naturmotiv sett gjennom nokre bilete i Griegsamlingen.

Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggjeleg prat.

Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 24. november. Avgrensa plassar.

 I samarbeid med Kultureininga og med tilskot frå Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.

Johan Christian Dahl: Feigumfossen i Lusterfjorden (1840)