nodeimage

LATTER LIVE - på turné!

Stand Up Norge presenterer

Dato

10.desember

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 425,-

Stand Up Norge presenterer:
«LATTER LIVE – på turné!»
Landets framste standup-komikarar, som kjend frå NRK

KOMIKARANE VENDER TILBAKE TIL SCENEN!

Dei siste åra og gjennom tre sesongar har mange fått med seg «Latter Live» på NRK.
I denne programserien får landets leiande standup-komikarar lov til å boltre seg i beste sendetid frå Latter på Aker Brygge.
Sjå meir her: https://tv.nrk.no/serie/latter-live 

Desse sesongane hadde i gjennomsnitt 6-800.000 sjåarar kvar veke, og har gitt standup-sjangeren eit oppsving på live-scenar over heile landet.
No får ein altså moglegheita til å få med seg denne suksessen i levande live, når dei mest populære komikarane frå TV-serien legg ut på turné med sceneproduksjonen kjend frå TV.
Dette blir show!

Det er som kjend krevande tider for alle som lever av å samle menneske, så det er difor med stor glede at vi no kan informere om at komikarane returnerer til scena igjen.
Med dagens smittevernreglar vert det kun selt eit begrensa antall billettar pr. framsyning. Med tanke på at kulturhuset vanlegvis kan huse show for veldig mange fleire publikummarar, så skal det igjen vere trygt og gøy å le i salen.
 

Kva for komikarar som står på scena denne kvelden, blir snart kjend!

Så kjære publikum – ta godt imot: LATTER LIVE – direkte frå OSEANA – vi gleder oss til å le saman med deg igjen!

 

 

Ord. 425,-

Student 345,-

Varer ca 75 min utan pause

 

______________________________________________________________________________

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00