nodeimage

Lindesnes Trekkspillklubb - 30 års jubileumsshow

Tradisjonen tru

Dato

28.februar

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 370,-

Foto: Kiem Loland

 

Lindesnes Trekkspillklubb er klare for endå ein konsert i Oseana, og denne gongen med 30 års jubileumsshow!  

Nærare 3 000 show, 16 CD- plater, 17 videoutgjevingar, blant dei ein fjernsyns- og kinofilm som er vist seks gongar på NRK, 11 USA- turnear gjennom 31 statar og turnear i 12 andre land er noko av det dei glade trekkspelarane har vore med på sidan klubben vart starta i 1990. Speleglede og godt humør, og av og til kanskje ei tåre, er det som kjenneteiknar desse blide sørlendingane. Kjende og kjære melodiar står på programmet når 45 musikarar frå Vest-Agder, Aust-Agder og Rogaland står på scena.

 

No feirar dei jubileum, og lovar oss Lindesnes trekkspillklubb på sitt aller beste! Samtlege musikarar gler seg til igjen å fylle salen på Oseana. Her er det berre å gle seg!

 

Ord. 370,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før konserten? Kontakt Oseana Kafé og restaurant for meny og booking, 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Lindesnes Trekkspillklubb - "Slovenia Polka"

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00