nodeimage

Meg og Dolly

Hanne Sørvaag elsker Dolly Parton

Dato

16.oktober

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 525,- / BT 425,-

Meg og Dolly
Hanne Sørvaag elsker Dolly Parton

"Dolly Parton og Hanne Sørvaag er rett og slett en god match"

skreiv pressa etter premiera.

 

Gjer deg klar for haustens store kritikarroste showkonsert som hyllar "the one and only" Dolly Parton.

Med over 3000 låtar i bagasjen og 40 år sidan superhiten "9 to 5" blei gitt ut er det klart for å feire ein av notidas største artistar i framsyninga "Meg og Dolly".

På scena står den folkekjære artisten Hanne Sørvaag. Ho skal ta deg med på ei musikalsk reise i Dollys univers saman med eit stjernelag av musikarar.

Hanne har elska Dolly Parton sidan ho var ei lita jente. Dolly har vore til stor inspirasjon i Hanne si karriere. Dette merkast gjennom historiar, opplevingar og låtar i framsyninga "Meg og Dolly".
 

​Dolly Parton har vore aktiv som artist i 70 år og har gjeve oss ei rekkje store hits. Kven hugsar vel ikkje låtane "Jolene", "Here i come again", "Island in the stream" og "I will always love you", som også Whitney Houston hadde stor suksess med?

Desse og mange fleire vil du få høyra hausten 2020 når denne hitparaden av ei framsyning tek turen rundt i landet for å gje deg ei festaftan du seint vil gløyma.

Hjarteleg velkomen til "Meg og Dolly".

 

Tilbakemeldingar:

Gåsehudfaktor 10 - Romerikes Blad

Publikum jublet - Arendalstidende

Hun er dyktig både som sanger og formidler - Harstad Tidende

Sjå gjerne www.megogdolly.no

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Servering

Middag før framsyninga? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Meg og Dolly

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00