nodeimage

No er det kino igjen!

Bygdekinoen med filmvisningar 

Dato

10.mai

Tidspunkt

9:55

Bygdekinoen er i gang igjen - velkomen tilbake på kino!

 

Søndag 10. mai kan vi endeleg ønskje våre kjære gjestar velkomen attende på kino. Vi gledar oss til å ta imot publikum i salen igjen!

Oseana har sidan 28. april hatt open Foaje, Griegsamlingen og Hvelvet. I denne tida har vi hatt ekstra tiltak på reinhald og rutiner med tanke på smittevern. Dette skal vi også ivareta når vi no startar med filmframsvningar att.

 

Antall publikum

Helsemyndigheitane har opna for maksimalt 50 personar pr. arrangement. På bakgrunn av dette, har vi redusert antall tilgjengelege billettar pr. filmvisning til 48 billettar. Desse vil vera spreidd i salen. Om de er familie som går i lag, er det lov å setja seg saman, men fortsatt med god avstand til andre. Oseanasalen har heldigvis god plass, så det skal vera råd å halda avstand.

 

Antibac-stasjonar er sett opp

Vi oppmodar alle til å «sprite» hendene ved stasjonane som er sett opp. Vi oppfordrar også alle til å benytte seg av ein god handvask med såpe og vatn på våre toalett.

 

Reinhald

På Oseana har vi alltid sterkt fokus på reinhald. No har vi auka frekvensen ytterlegare, slik at både Oseanasalen, toaletta, Foajé, galleria og resepsjon blir holdt reine og overflater blir desinfiserte. Vi desinfiserer også alle betalingspunkt, samt alle armlener på kinoseter.

 

Kiosk og resepsjon

Den vanlege kinokiosken vil ikkje vera open. Kiosken i resepsjonen har sal av snacks og drikke. For å hindre at det dannar seg for mykje kø, oppmodar vi deg om å kjøpa billetten din på ticketmaster.no eller oseana.no før du kjem, og å koma tidleg slik at du rekk å handla det du ønskjer i resepsjonen.

 

Vi har gjort naudsynte smitteverntiltak, og oppmodar samstundes alle våre gjester om å vise tolmod og hensyn til kvarandre når det gjeld avstand både i Foajé og sal.

 

Hjarteleg velkomen attende på kinovisning!

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00