nodeimage

Oseana Ølfestival: Beermakers Dinner

Godt øl til god mat

Dato

30.juni

Tidspunkt

18:30

Pris

Ord. 995,-

ØL + MAT = BEERMAKER'S DINNER

Når ølfestivalen ebbar ut, blir det Beermakers Dinner i Oseana sin restaurant.

 

Paring av mat med vin er ein gamal tradisjon. Den rette vinen kan få fram smakar du ikkje visste om i ein matrett, og smakane og luktane i maten gjev nye dimensjonar til ein god vin. Det same held stikk for øl, og sidan øl kan ha endå fleire smaksvariantar enn vin, er moglegheitene for kombinasjonar større.

 

Bjørnafjorden Bryggeri har slege seg saman med Lysefjorden Bryggeri og presenterer fem ulike ølsortar.

Oseanas sjefskokk Bartosz Lauchstaedt  har komponert fem ulike smårettar som passar dei ulike ølsortane.

 

Ei storarta avslutning på ølfestivalen for dei aller ivrigaste øl- og matentusiastane. Ei oppleving du bør unna deg i sommarvarmen!

 

Pris: 995,-

 

Bindande påmelding innen 25/6 til:

restaurant@oseana.no

 

 

 

 

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00