nodeimage

Oseana Ølfestival: Heimebryggjarkonkurranse 2020

Brygg!

Dato

20.juni

Tidspunkt

13:00

Oseana Ølfestival 2020 - HEIMEBRYGGJARKONKURRANSE

Sjølv om årets ølfestival ikkje går av stabelen som planlagt, kan vi vel likevel arrangera heimebryggjarkonkurranse!

Vi har gleda oss lenge til både festival og kåring av årets heimebryggjar. Sjølve festivalen har vi sett oss nøydd til å utsetja til neste sommar grunna gjeldande reglar for arrangement med tanke på Covid 19.  Vi vil likevel ikkje avlysa alt, så årets HEIMEBRYGGJARKONKURRANSE går fortsatt av stabelen! 

 

Les kva Tarjei Øiestad Skeie frå Bjørnafjorden Bryggeri seier om årets konkurranse:

 

I år vil me sleppe laus lokale og eventuelle tilreisande bryggarar til å lage det perfekte sommarølet, for det har me jaggu fortent. Føringane er som fylgjer: Eit ljost, overgjæra øl på under seks prosent, der friskheit er ein av grunnkarakteristikkane. Ein liten FAQ under:

 

- Kva meiner de med ljost?

Vel, strengt tatt "ikkje myrkt". Alt frå strågult til ravfarga kan vere greitt, men byrjar me å tenkje brown ale-porter, har det bikka over. I tillegg kan du sjølvsagt ha eit ljost øl i grunn, men spesialingrediensane gjer noko med fargen, til dømes vår raude bringebærvinnar frå i forfjor. Då seier regelen: Ølet er framleis ljost.

 

- Må ølet vere overgjæra? Det er urettferdig...   

Ja. Det er urettferdig. Men me vil brygge vinnaren hos oss, og me brygger ikkje lagerøl. Likeeins, om du villgjærer ved å setje karet bak utedoen til mor, er dette noko me vanskeleg kan etterlikne. Så overgjær må det bli. Merk at i tillegg til tyske, belgiske, engelske og amerikanske overgjær, er norsk kveik også overgjær.

 

- Men kva om ølet er over seks prosent?

Dersom ølet er over seks prosent, er det ikkje under seks prosent, og skal dermed ikkje leverast i denne konkurransen. Herlegheit, no er de berre vanskelege.

 

- Friskheit? Definer friskheit. 

Nei. Det gidd eg ikkje. Men om ølet er søtt og tungt, er det ikkje friskt og lett. Den skjønar me.

 

- Premie?     

Ja. Absolutt. Heider og ære skal ein ikkje kimse av, samt diplom og applaus. Me brygger vinnarølet på Bjørnafjorden Bryggeri, og serverer det på neste festival. Kan hende me finn noko anna ræl og som de kan få.

 

- Tidsfrist?

Ølet må vere levert, tre flasker (modell og storleik eigentleg ikkje vesentleg) i resepsjonen på Oseana saman med oppskrift innan  laurdag 13.juni. 

 

Domarane gler seg til å sjå kva de kjem fram med. 

 

Lukke til, folkens! 

Tarjei Øiestad Skeie

Bjørnafjorden Bryggeri
 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Oseana Ølfestival: Heimebryggjarkonkurranse 2020 | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon