nodeimage

OseanaLIVE med ekstra visningar

Både konsertar og teater

Dato

25.mars

Tidspunkt

12:00

Pris

Fri

Med bakgrunn i koronasituasjonen, har Oseana LIVE dessverre måtta avlyse alle arrangementa som skulle streamast i perioden. Dette er ei vanskelig tid for dei som bu på institusjonar. Mange er isolerte, redde for sjukdom, og får ikkje sjå vener eller familie på ubestemt tid.

Som eit ekstra tiltak vil Oseana LIVE vise tidlegare sende konsertar i denne vanskelege og kaotiske koronatida. Vi håpar at vi kan spre litt glede i kvardagen til dei som bur på institusjonane, med gode kulturopplevingar. Vi har mykje kjekt i vente, her ein oversikt over alle artistane vi vil streame i vekene framover:

 

 OVERSIKT OVER KONSERTAR VI VIL STREAME:

  • Mandag 23 mars og torsdag 26 mars kl. 10-16.00: Lindesnes trekkspillklubb / opptak februar 2020
  • Torsdag 2 april kl. 11.00: Jan Eggum / Halvdan Sivertsen med framsyninga «VI TO (er ikkje Romeo og Julius)» / opptak vår 2019
  • Torsdag 9 april kl. 16.00: Eva Weel Skram  / opptak høst 2019
  • Torsdag 16 april kl. 16.00: Aurora / opptak høst 2019

 

OVERSIKT OVER FRAMSYNINGAR VI VIL STREAME (RIKSTEATERET):

  • Tirsdag 7 april kl.11.00: Fortrolige samtalar, regi Liv Ullmann / opptak høst 2016 
  • Tirsdag 14 april kl. 11: Heia Flåklypa / opptak høst 2016

 

Vi er svært takksame for artistane som gjer dette mogleg, og for det gode samarbeidet med Kavlifondet. Tilbodet er som alltid gratis for bebuarar ved helseinstitusjonar.

Ta kontakt med taija@oseana.no for påmelding eller tlf: 417 28 335.

 

 

Om prosjektet OseanaLIVE:

Oseana Kunst- og Kultursenter ønsker å dele kulturopplevingar med flest mogleg! Gjennom streaming kan vi nå publikum som på grunn av helsemessige årsaker ikkje kan oppsøka kultursalen. I samarbeid med Kavlifondet og utøvarar, direkteoverfører vi utvalde konsertar og framsyningar til institusjonar, til beste for pasienter og deira næraste pårørande. Det er ein lukka straum til institusjonar kor det bur menneske som elles ikkje har høve til å oppleve kunst og konsertopplevingar i konsertsalen.

Prosjektet med å streama kulturopplevingar er eit nonprofitt arrangement som er støtta av Kavlifondet. 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
OseanaLIVE med ekstra visningar | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon