nodeimage

Percussion Plus Piazzolla

Heftige rytmar!

Dato

21.oktober

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 350,- / BT 175,-

Heftige rytmar frå BIT 20 percussion med venner. 

 

Denne konserten er ein del av haustens kammerserie i Griegsamlingen. Dette blir ein variert konsert med både klarinett og gitar, men med slagverkinstrument i fokus.

 

Tittelen Percussion Plus Piazzolla er meint å reflektera bredda i programmet, som er sett saman av slagverkar Manuel Hofstätter. Han er opprinneleg frå Tyskland og jobbar til dagen i Bergen Filharmoniske Orkester. Hofstätter er rekna som ein av dei framste slagverkerane i Europa og jobbar jamnleg med internasjonale namn som Martin Grubinger. Manuel har fått med seg musikarane Peter Kates, Owen Weaver, Ola Berg Riser, Håkon Nilsen og Thomas Valeur til søndagens konsert.

 

Som bonus kjem også «Brother’s Duo» (Jaroslav og Daniil Letiagin) som er to unge og lovande slagverkarar. Dei skal spele ein duett og blir med på Chromatic Foxtrot, ein ragtime der heile bandet opptrer samla på slutten av konserten. 

 

Programmet inneheld mellom anna:

 

Philip Glass: fra Glassworks, Opening

Elliot Cole: fra Postludes, sats 2

Frank Zappa: Outside Now 

Elliot Cole: fra Postludes, sats 8

Georg Friedrich Händel (arr. Johan Halvorsen): Passacaglia i g-moll 

Astor Piazzolla: fra tangosuiten, sats 3

George Hamilton Green (arr. Bob Becker): Chromatic Fox-Trot

 

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00