nodeimage

AVLYST! Pernille Sørensen - Kultur

Ny soloframsyning!

Dato

15.august

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 505,-

Det er med tungt hjarte vi må formidle at den planlagte framsyninga med «Pernille Sørensen – Kultur» må avlysast.

Med dagens gjeldande reglar på kulturhuset om sosial distansering og ein makskapasitet på 200 menneske, så er det dessverre ikkje mogleg å tilby denne framsyninga til alle som har kjøpt billett.

 

Kjøpte billettar vil bli refundert, og alle som har kjøpt billett blir kontakta. Dersom du mot formodning ikkje høyrer frå oss, send mail til berit@oseana.no

 

Vi ser oss lei oss for dette, og ønskjer deg velkomen tilbake ved eit seinare høve.

 
__________________________________________________________________
 
 
Stand Up Norge AS presenterer stolt:

«PERNILLE SØRENSEN - KULTUR»
Av og med Pernille Sørensen. Regi: Are Kalvø

 

Pernille Sørensen er tilbake med ny solo-framsyning!

Det har gått åtte år sidan kritikarroste «Flink pike». Sidan sist har Pernille mellom anna vore lagleiar i «Nytt på nytt», spelt i «Side om side» på NRK1 og blitt kåra til årets morosamste av folket under komiprisen i 2016.

No har ho altså laga standupframsyninga «Kultur». Framsyninga handlar om kultur i alle dens former og variantar. Høgkultur, lavkultur, kliss ny populærkultur og eldgamal upopulær kultur. Bakteriekultur og motkultur, snikskryt og tupé, basehopping og nakenbading.
Pernille Sørensen er meir enn klar for å navigere oss alle gjennom livets kulturelle labyrint.

 

Terningskast 6!  Høy klasse, briljerer om kultur!

- MORGENKLUBBEN MED LOVEN & CO (RADIO NORGE)

Terningkast 5!  Smart, morsom og finurlig forestilling!
- VG

Terningskast 5!  Bare gled dere!
- DAGSAVISEN

Dette kan fort bli sommarens morosamste framsyniing – den 15. august brakar det laus i Oseana, anten du er interessert i kultur eller ei!

Varer ca 1 time 15 min

 

Ord. 505,-

Stud. 430,-

Gruppe 8+ 470,- (må kjøpast i Oseana resepsjon)

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00