nodeimage

Pop-Up konsert med Polkabjørn og Kleine Heine

Ei makelaus festaftan!

Dato

10.mai

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 270,-

Universets beste jodle- og trekkspelduo, Polkabjørn & Kleine Heine, gjestar Oseana.

Stryk snippskjorta, legg buksa i press og gjer deg vidare beredt til ei makelaus festaftan med glede, sang, kos, tårer og tabubelagt skam. 

Er du svak for mellomkrigssvisker og undergangsmusikk frå fhirty-tallet, då kan du i overspent eksaltasjon lengte mot denne tildraginga.

Kast dine bekymringar, di skuldkjensle og alle vonde tankar over bord, og bli med på ei heidundrandes framsyning med trekkspel og allsang. 

I Oseana altså - kven veit, kanskje det er din tur til å finne ein ny bestevenn på konsert med Polkabjørn & Kleine.

 

Om artistane:

I over 10 år har det bejubla og forhatte kultbandet Polkabjørn & Kleine Heine opptrådt i inn- og utland, pendelsvingande mellom det banale og det geniale. Musikken er prega av trekkspel og jodling, men har også parti med country, Jens Book Jensen, sjanti, strupesang, gospel, folketonar og punk. Showet er ei kuriøs og skiftande blanding av performance, sirkus, komedie, absurdisme, stand-up, tragedie, musikalsk virtuositet og farse. Konsertane vert ofte opplevd som kontraintuitiv for dei som ser dei for første gang. Tidvis verkar det som om duoen ønskjer å framprovosere ein negativ eller forvirra reaksjon hos publikum, men stort sett er dei veldig vennlege.

Ja, og så av og til er dei ein trio. Då er gjerne den slappbass-spelande operasangaren Hallvar Djupvik (eller vikar Ulf Øyen) med. Han sit i så fall på scena gjennom heile konserten og et iskrem og drikk øl, før han syng ’O Sole Mio og Himmelske fader heilt til slutt. 

Polkabjørn & Kleine Heine er også eit ynda oppvarmingsband, mellom anna for A-ha, Ylvis, Katzenjammer, Mods og Dina Martin (dottera til Dean Martin).

I dokumentarfilmen om Polkabjørn & Kleine Heine, Kunsten å jodle, spelar dei seg sjølv. 

Meir er det vel ikkje å sei.

 

Ord. 270,-

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Servering

Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00