Renate Rivedal: Om dei norske Matisse-elevane. 21.02. kl. 18

Renate Rivedal: Om dei norske Matisse-elevane. 21.02. kl. 18

Med sine fargesterke måleri og komposisjonar og sin hyllest til menneskroppen, er Henri Matisse kjent som ein av dei aller fremste av dei tidlege modernistane. I perioden 1908 til 1911 hadde han sin eigen kunstskule i Paris, dit mange norske kunstnarar og kunststudentar reiste for å studera – mellom andre Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold og Henrik Sørensen. Rivedal fortel om dei nye kunstretningane studentane møtte i Paris, kva inspirasjon dei tok med seg heim, og kva retning dei tok kunstnarisk.
 Etter foredraget tek vi ein tur i Griegsamlingen og får ei kort omvising blant bileta til Matisse-elevane Per Krohg og Ludvig Karsten.
 Foredraget er ein del av samtale- og foredragsserien SAMLING.
 Ord. 100,-
 Gratis for medlemmer av Oseana kunstklubb.
 
Illustrasjonsbilde: Per Krohg, Fredens have, 1957 (detalj).