nodeimage

Riksteatret: BLOKK TIL BLOKK

Om å kome dit du er

Dato

15.november

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 350,- / BT 285,-

Hip hop-framsyninga med Don Martin, Fela og Castro blei ein braksuksess på Det Norske Teatret. No skal den heldigvis på turné!

Kor du kjem frå er ikkje berre ein stad du ikkje har valt. Det er også med på å gjere deg til den du er. Blokk til blokk er ei konsertframsyning om å kome dit du er, ikkje på grunn av, men på trass av.

Don Martin, Castro og Fela har lenge vore markante stemmer innan norsk rap. Alle har på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt gjennom livet, både musikalsk og sosialt. I framsyninga Blokk til blokk fortel dei sine historier og tar publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine.

--

"En opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling"  
Aftenposten, 5 
 
"Bør bli obligatorisk"  
Dagsavisen, 5 

"Dette er en viktig forestilling, fortalt av mennesker som kunne ha falt på utsiden av samfunnet" 
Morgenbladet 

Vinner av Oslo bys kunstaerpris 2020

--

Forestillingslengde: 2 timar 10 minutt (ingen pause).

 

På scenen
Fela, Castro og Don Martin

Team
Produsent, Manusforfatter, Idé, Regissør: Cici Henriksen
Manusforfatter, Komponist, Musiker: Don Martin, Castro, Fela
Musiker, Komponist: Tommy Tee
Manusforfatter, Medregissør, Dramaturg: Hedda Sandvig
Lysdesigner, Videodesigner: Ola Erik Blæsterdalen
Video/Foto: Henrik Berge
Videomateriale: Didrik Øverby, Kristoffer Klunk,  John-Erling Holmenes Fredriksen, Waqaz Da Drone Killa
Scenografikonsulent: Even Børsum
Plakatfoto: Mathias Fossum
Dramaturg: Morten Joachim
Produsent: Emnet Kebreab

 

Produsert av SPKRBOX i samarbeid med Det Norske Teatret. Produsert for turné av Riksteatret.

 

Ord. 350.- 

Under 30:  175,-

BT Fordel / Honnør: 285,-

Begrensa antall plassar.

 

______________________________________________________________________________

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00