nodeimage

Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida

Engasjert og sårbart

Dato

14.mars

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 400,- / BT 325,-

EG SNAKKAR OM DET HEILE TIDA

PRODUSENT: EMNET KEBREAB

AV CAMARA LUNDESTAD JOOF. REGI KJERSTI HORN.

 

"Når folk spør meg hvor jeg kommer fra, misforstår jeg med vilje. Jeg svarer Sandefjord. Og når de spør hvor jeg egentlig kommer fra, så svarer jeg Bodø."

Fekk ho det som ho ville, hadde dramatikar og forfattar Camara Lundestad Joof slutta å snakke om rasisme for lenge sidan. Ho vil mykje heller skrive romanar om vampyrar i verdsrommet, men enn så lenge må science fiction vente mens Camara rettar merksemda vår mot røynda - slik den har møtt og forma henne.

I boka Eg snakkar om det heile tida vert rasisme i Noreg gjeve eit sanningsvitne. Gjennom ei serie historier og betraktningar frå eige liv, skildrar Camara korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho bevegar seg i verda, og stillar seg til andre menneske.

Innimellom historiene tar vi del i tvilen, og frykta for at alt ho gjer, alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til nokon nytte. At det ikkje vil gjere nokon forskjell. Ho ransakar minna. Kva om ho hugsar feil? Korleis skal nokon tru ho då?

Eg snakkar om det heile tida har fått svært gode kritikkar, og blir no teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.

--

Sagt om boka: 

"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten"
Dagbladet (terningkast 5)

"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine"
VOKS tidsskrift

"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av."
Framtida.no

--

På scenen
Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team
Regissør: Kjersti Horn, Scenograf, Kostymedesigner: Erika Magnusson, Lysdesigner: Tobias Leira, Lyddesigner: Erik Hedin, Dramaturg: Monica Ifejilika og Produsent: Emnet Kebreab

 

Forestillingslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Produsert av Riksteatret.

 

Ord. 400,-

Honnør/BT kort: 325,-

Ungdom under 30 år: 175,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon