nodeimage

Riksteatret: Havboka

Om vår kjærleik og frykt for havet

Dato

01.april

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 420,- / BT 340,-

Når mennesket gret, er tårene salte. Kjem også vi frå havet?

I ein liten båt langt ute på Vestfjorden sit forfattaren og hans venn. Under dei, langt nede i havdjupet, har håkjerringa sitt rike. Det er denne haifisken dei to har bestemt seg for å fange - eit uhyre som kan være meir enn fem hundre år gamalt, og som i mangt er mennesket overlegent. Kva slags møte blir dette?

Det er utgangspunktet for boksuksessen Havboka. 

Frå si havn på den lille øya Skrova i Lofoten utforskar Morten Strøksnes vårt forhold til havet. Han har eit uendeleg rikt stoff å øse av, frå sagn, mytar og gamle krønike, til reiseskildringar, vitskapelege skrifter og dikting frå mange kulturar. Resultatet er ei blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøner, som har motteke ei rekke prisar og fått fantastiske kritikkar verda over. Den er også lest av nærare 100 000 nordmenn, og er oversatt til 30 språk.

For oss som bur her i dette vidunderlege kyst-landet har havet ei heilt eigen tyding, og for Strøksnes blir det ei ustoppeleg kjelde til undring, innsikt og fantastiske eventyr, medan han spør seg: Når meir enn to tredelar av jorda si overflate er dekka av saltvatn - kvifor kallar vi ikkje like godt kloden vår for Havet?

Når Riksteatret og Nationaltheatret no går saman om å gjere Havboka til teater, er det Ole Anders Tandberg som står ansvarleg for dramatisering og regi. På Nationaltheatret har han ei rekke navngjetne dramatiseringar bak seg, og på Riksteatret gjorde han nyleg stor suksess med teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds Min kamp.
 
På scena i vår teaterversjon står Nationaltheatrets skodespelar Jan Sælid – der han skal gje skikkelse til både menneske og håkjerring!
 

Havboka har tidlegare blitt dramatisert og satt opp som teaterkonsert på Hålogaland Teater i Anders T. Andersen sin regi.

 

På scena
Jan Sælid.

Team
Regissør, Scenograf, Dramatiker: Ole Anders Tandberg. Komponist, Lyddesigner: Joel Sahlin. Kostymedesigner: Maria Geber. Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Forestillingslengde: Ikkje fastsett

Produsert av Riksteatret i et samarbeide med Nationaltheatret. 

Varer 1 time og 15 minutt utan pause.

 

Pressa meiner:

- Stor skuespillerkunst

Aftenposten (6) 

 

- Forrykende (...) rå kraft og poetisk eleganse av Jan Sælid

VG (5)

 

- en underholdende kamp, lekent og oppfinnsomt formidlet

Dagbladet (5)

 

- Et fascinerede dykk (...) Jan Sælid har oss på kroken.

Dagsavisen (5)

 

- Uforglemmelig (...) Hav det lukter svidd av

Shakespearetidsskriftet

 

- Storslått (...) Jan Sælid har det hele i sin hule hånd

Vårt Land

 

- .. ein draum av ei framsyning, ein draum av den typen det tar lang tid å vakne opp frå.

Dag og Tid

 

Gratis intro – «Menneskene og havet»

v/ marinbiolog Kaja Lønne Fjærtoft fra Passion for Ocean.

Saman med organisasjonen Passion for Ocean tilbyr Riksteatret foredraget "Menneskene og havet" for alle som skal sjå «Havboka» på kulturhuset.

Introduksjonen er ved marinbiolog Kaja Lønne Fjærtoft og blir holdt i foajeen 30 min før framsyninga startar. Varighet: 15 minutt.

Velkomen!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Havboka // Trailer

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00