nodeimage

Riksteatret: PANG!

Kritikerrost komedie

Dato

18.februar

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 400,- / BT 325,-

PANG!  

Produsent: Rebecca Mathisen

Kritikerrost komedie av Marius Von Mayenburg, regi: Peer Perez Øian.

 

Absolutt fantastisk

Rolf Pang er ein sterk mann! Og ingenting – absolutt ingenting – kan hindre hans veg til toppen. Han er så utruleg fantastisk at han gjer sin eigen fødsel om til ein pressekonferanse. Aldri har så mange kome. Aldri har verda sett eit større geni enn han! Eit barn med så stort ego kan bli kva han vil, berre foreldra trur nok på han og verda anerkjenner hans enorme talent. 

Dette utruleg sterke, manipulerande barnet vil opp og fram. Det får han til, godt hjelpt av familie, sosiale medium, fake news og testosteron. Utan han blir verda dødskjedeleg. Kloden kretsar rundt han, dette strålande, eigenrådige og evnerike barnet, denne grenseoverskridande mannen, perfekt i si timing og skarp i si forståing av andres svakheit. Ingenting kan stoppe han. Ikkje eingong han sjølv. 

Gled deg til en annleis komedie! Pang! er blitt spelt på scenar over heile Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscenar over heile landet. Her blir det sparka i alle retningar, og ingen kan føle seg trygg! 

 

På scenen
Espen Alknes, Peiman Azizpour, Rebekka Nystabakk, Bartek Kaminski og Olav Waastad

Team
Regissør: Peer Perez Øian, Scenograf: Olav Myrtvedt, Kostymedesigner: Christina Lovery, Lysdesigner: Kai Roger Havn, Komponist, Lyddesigner: Gaute Tønder og Videodesigner: Eilif Fjeld Teisbo

Av Marius von Mayenburg. Oversatt av Øyvind Berg.

Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng.

Forestillingslengde: 1 time 40 minutt (ingen pause).

Produsert av Riksteatret

 

Ord. 400,-

Honnør/BT kort: 325,-

Ungdom under 30 år: 175,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

 

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00