nodeimage

Riksteatret: Peer Gynt

Av Henrik Ibsen

Dato

13.september

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 450,- / BT 365,-

PEER GYNT

AV HENRIK IBSEN

Opplev Anders Baasmo som Peer Gynt i Ibsens meisterverk!

Riksteatret samlar nokre av landets beste skodespelarar i ein heilt ny versjon av Peer Gynt. Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsens meisterverk. Kva skjer med vår oppfatning av Peer Gynt når vi kjem tett på, heime i kjøkkenet hos Peer? Kven var han eigentleg, og kvifor flykta han alltid frå seg sjølv?

  • Eg har alltid hatt lyst til å spele Peer Gynt, seier skodespelar Anders Baasmo. – Hvis vi gjer det på den riktige måten, trur eg at vi kan kome nærare kjernen, nærare det stykket eigentleg handlar om. Eg vonar vi kan lage ei framsyning som gjer at folk kan kjenne igjen meir av seg sjølv i Peer.

Riksteatret si framsyning er eit spanande møte med Ibsen sin klassikar - ei framsyning for alle, enten du er Ibsen-kjennar eller møter Peer for første gong. 

 

På scenen
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen

Team
Regissør: Ole Anders Tandberg, Scenograf: Erlend Birkeland, Kostymedesigner: Maria Geber, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Komponist: Joel Sahlin, Dramaturg: Øyvind Berg og Produsent: Emnet Kebreab

Av Henrik Ibsen. Bearbeida av Ole Anders Tandberg. Oversett av Øyvind Berg.

 

Varer: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret

 

Ord. 450.- 

Under 30:  175,-

BT Fordel / Honnør: 365,-

 

______________________________________________________________________________

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00