nodeimage

Riksteatret: PUST

Både morosam og gripande

Dato

26.oktober

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 410,- / BT 330,-

PUST

AV DUNCAN MACMILLAN. REGI MARIE BLOKHUS. MUSIKK INGRID OLAVA.

 

Ei moderne kjærleikshistorie.

Dei står i køen på Ikea. Eit barn? spør han plutseleg. Skal vi starte ein familie? Ho blir overrumpla. Må ut. Eg treng eit augeblikk, seier ho.

I ein serie lynraske scenar blir ei moderne kjærleikshistorie fortald. Vi er med gjennom ein samtale som varer livet ut. Det handlar om dei små og store valga vi gjer i liva våre. Replikkane går som ping-pong. Den britiske dramatikaren Duncan Macmillan har sjølv beskrive stykket som ei blanding av stand up, ein dans og ein brytekamp. Det er som å tjuvlytte til ein privat samtale. Det er morosamt og gripande. Lett å kjenne seg igjen i. Sjølv når verda står på hovudet og kloden ikkje er til å kjenne igjen. 

"Pust" blir sett opp over heile verda, no sist i London og på Broadway i New York med hovudrolleparet frå The Crown sesong 1-2. I Riksteatret sin versjon møter du dei to unge og lovande skodespelarane, Kamilla Grønli Hartvig og Axel Bøyum. Mange vil kjenne Axel frå TV-seriane Heksejakt, Heimebane og Øyevitne. Kamilla er snart aktuell i ein ny serie på HBO Nordic. Ingrid Olava står for musikken og regien er ved Marie Blokhus. 

 

På scenen
Axel Bøyum og Kamilla Grønli Hartvig

Team
Regissør: Marie Blokhus, Kostymedesigner, Scenograf: Katja Ebbel Frederiksen, Komponist: Ingrid Olava, Lysdesigner: Oscar Udbye, Lyddesigner: Nils Wingerei og Produsent: Rebecca Mathisen

Av Duncan Macmillan. Oversett av Michael Evans

 

Varer: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Produsert av Riksteatret.

 

Ord. 410.- 

Under 30:  175,-

BT Fordel / Honnør: 330,-

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

 

______________________________________________________________________________

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00