nodeimage

Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

Årets beste barneframsyning!

Dato

30.april

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 225,- / BT 185,-

Foto: Marius Fiskum

 

Tobias og dagen det smalt

Av Jenny Svensson

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret

 

Det er mange som kallar Tobias for Cecilie. Ikkje eingong mamma og pappa veit at Cecilie er Tobias. Og det er jo ikkje så rart, for utanpå har han jentekropp, men inni seg er han ein gut. Tobias er det fineste namnet han veit om og saman med den usynlege dinosaurvennen Konrad kan Tobias vere seg sjølv; verdas beste dinosaurekspert!

 

Bestevennen Pauline er i verkelegheita den einaste som veit kven Tobias er. Ho prøver å hjelpe, men likevel føler Tobias det som då meteoren kolliderte inn i jorda og alle dinosaurane døydde. Kva kjem til å skje hvis alle får vite kven han egentleg er? «Tobias og dagen det smalt» er ei framsyning om identitet, dinosaurar og vennskap. Framsyninga tar utgangspunkt i samtaler med barn og vaksne. Gjennom ein miks av fantasi og verkelegheit utviklar framsyninga kunnskap og innsikt: Det er mange måtar å vere menneske på.

Riksteatret skal by på det beste for barn og unge, og med «Tobias og dagen det smalt» får publikum over heile landet oppleve framsyninga som blei kåra til «Årets beste barneframsyning» Heddaprisen 2018. Framsyninga passar for familiar, foreldre, lærarar, klassar - og alle barn frå 6 år.

 

PRESSA SKRIV

«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5

«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5

«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5

«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK

 

 

Speletid: 45 minutter (ikkje pause).

Turnépremiere i Kolvereid 8. april 2021

 

Med Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.

Av Jenny Svensson. Regissør Morten Røsrud. Scenograf og kostymedesignar Mari Hoel Lotherington. Komponist og lydprodusent Aggie Peterson. Lyddesignar Andreas Wangsbro. Lysdesignar Øystein Heitmann. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Idé og prosjektleder Kristine Myhre Tunheim. Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater. Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017. Produsert for turné i 202

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00