nodeimage

Riksteatret: Vaffelhjarte

Om Trille og Lena, vaffelrøre og eit barneliv

Dato

27.april

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 280,- / BT 225,-

Ein ven i livet skulle alle ha!

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk frå Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukten av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den lille bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning følgjer vi dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eitt heilt år. Dei finn på mykje moro, gjer rampestrekar og har hemmelegheiter saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Innimellom alt leven og latter fortel Trille lavmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Heldigvis følgjer Farfar med – og han er god å ha. Det er Tante-Farmor også, som lagar verdas beste vaflar og forsikrar Trille om at han ikkje behøver å vere redd. 

--

Sagt om boka: 

"En hyldest til vennskap og fantasi." 
Aftenposten 

"Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der" 
VG, 5

--

Passar for barn frå 5 år.

På scenen
Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Team
Regissør: Kjersti Haugen, Musikalsk ansvarleg: Ket Iren Lødemel, Scenograf, Kostymedesignar: Dagny Drage Kleiva, Dramaturg: Tine Thomassen og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause)

Premiere: Oslo / Nydalen 7. februar 2020

Produsert av Riksteatret

--

Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/vaffelhjarte

Ord. 280,- / BT 225,-

Familie 4+ 225,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement.

Servering

Middag før framsyninga? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00