nodeimage

Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling

Så gøy!

Dato

31.oktober

Tidspunkt

17:00

Pris

Ord. 245,- / BT 200,-

Så gøy at ein aldri treng å gå på teater igjen!

Drøymer du om å sjå ei teaterframsyning om det aller kulaste du veit, eller få vere med på å bestemme kva verdas nest kulaste framsyning skal handle om? Då må du ta turen til kulturhuset! Denne framsyninga er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på én gong!

Det Andre Teatret har markert seg som eit av dei mest leikne og innovative teatra vi har i landet, med nokon av dei morsamste aktørane på scena. No legg dei ut på vegen saman med Riksteatret. I samarbeid med publikum skal dei lage impro-show for heile familien, der små og store får vere med på å bestemme kva som skal skje. 

 

Ei underhaldningsbombe for heile familien – for barn frå 5 år.

 

På scenen
Cathrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Kristine Grændsen, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O. Thingelstad og Olli Wermskog

Team
Regissør: Tony Totino, Scenograf: Monica Valsø, Kostymedesigner: Jenny Bernson, Lyddesigner, Lysdesigner: Henrik Stoltz Vernegg, Kunstnerisk ansvarlig ved Det Andre Teatret: Mats Eldøen, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Koordinator DAT: Silvia Rodriguez Gimenez

 

Varer: 1 time (ingen pause).

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Andre Teatret

 

Ord. 245.- 

Familie 4+: 200,-

BT Fordel: 200,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

______________________________________________________________________________

Smittevern:

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon