nodeimage

Seven Drunken Nights

Historia om The Dubliners

Dato

17.oktober

Tidspunkt

19:30

Pris

Ord. 395,- / 445,-

 

Etter ein utseld turné i Storbritannia, show i London’s West End og 48 show i Nederland, kjem Seven Drunken Nights – The Story Of The Dubliners tilbake til Noreg i 2019. Dette 2 timar lange showet gir igjen liv til musikken og historia til Irlands favoritt-sønner, The Dubliners. Showet fortel om ei karriere som strekk seg over 50 år for Ronnie Drew, Luke Kelly, Barney McKenna, Jim McCann, Ciaran Bourke og John Sheahan.

Talentfulle musikarar og vokalistar gir nytt liv til Dubliners ikoniske musikk, men dette er ikkje berre en konsert. Historien til The Dubliners blir fortald av showets karismatiske hovudvokalist og kreative regissør, Ged Graham. Eit spesielt designa scenesett tek publikum til Dublins gater og O’Donoghue`s Pub, der The Dubliners historie starta. Showet skaper ei autentisk stemning og innleving, kor publikum blir riven med og syng og klappar til låtar som The Wild Rover, The Black Velvet Band, The Irish Rover, Molly Malone, Finnegan’s Wake, McAlpine’s Fusiliers og sjølvsagt The Seven Drunken Nights.

Kort sagt er denne feiringa av The Dubliners ei feiring av irsk musikk. Det er ein kveld full av humor, musikk og ‘craic’ (irsk for underholdning, spøk, artig småprat og morro).

Seven Drunken Nights er:

Ged Graham

Danny Muldoon

Billy Barton

Paddy Ryan

Connor Elliott

Max Grey

 

 ‘5 Stars - Theatre and Performance’ - Irish World

‘Fikk taket til å løfte seg med The Dubliners’ – Agderposten

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Ord. 395,- / 445,-

 

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00