nodeimage

Utseld! Sivert Høyem

Solo Acoustic Tour 2020

Dato

28.november

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 685,-

Ei av landets mest markante stemmer, Sivert Høyem, legg ut på sin første soloturné på åtte år. Eit par nye låtar har han også med seg!

Etter eit par år med eventyrleg suksess, både i og utanfor Noreg med eit gjenforent Madrugada, har mogelegheiten kome til å oppleva Sivert Høyem åleine på scenen, kun akkompagnert av sin eigen gitar. Høyem er ein artist som i form av si kraftfulle stemme og fengslande nærvære på scenen, fangar publikum frå start til slutt.

«Å stå alene på scenen igjen er noe jeg har hatt lyst til lenge. Jeg opplever det som noe av det mest inspirerende og utfordrende man kan gjøre som artist - ingen kvelder er like og nærheten til publikum kan gjøre det til noe helt magisk», fortel Høyem.

Sivert Høyem har gjennom fleire tiår opparbeida seg ein posisjon som ein av landets mest solide låtskrivarar og frontfigurar, både med Madrugada, men også på eigne bein. Eit av mange høgdepunkt i solokarrieren kom i 2016, då han inntok amfiteateret Herodeion på Akropolis i Athen. På to utselde kveldar, spelte Sivert og bandet hans for tilsaman ti tusen fans i det to tusen år gamle amfiteateret. 

Velkomen til ein konsert med Sivert Høyems kraftfulle og melankolske stemme i sentrum, og låtar som «Prisoner Of The Road», «Moon Landing», «Into The Sea» og Madrugada-klassikaren «Majesty» på programmet.

Vi kan ikkje tenke oss ei meir perfekt konsertoppleving i haust!

 

Varer ca. 90 min

Ord. 685,-

 

-----------------------------------------------------

Smittevern:

Til denne konserten er det unummererte seter, og vi har maks kapasitet på 200 publikummarar.

For å følgje krava frå FHI om avstand (Covid 19), SKAL det være minst 1 tomt sete mellom publikum som ikkje er i nær relasjon. Våre kulturhusvertar vil vise deg plass. Dette tek gjerne litt ekstra tid, og vi bed deg vere ute i god tid.

 

Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
  • Betal gjerne med kort (kontantlaust)
  • Unngå kontakt med felles overflater

Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00