nodeimage

Snarvegen til Piemonte

Vinsmakekveld med Ingvild Tennfjord

Dato

21.mars

Tidspunkt

18:00

Pris

Ord. 485,- / BT 395,-

Snarvegen til Piemonte - Vinsmakekveld med Ingvild Tennfjord

 

Vinar i verdsklasse. Eit kjøken som får matelskarar til å valfarte dit. Eit landskap som kan ta pusten frå deg, og ein mellomalderby som du aldri vil gløyma. Kva gjer vinane frå Piemonte så spesielle?

Ingvild Tennfjord losar deg inn til smakane, historiene og dei gode produsentane. Dette er eit perfekt vinkurs for deg som elskar mat og vin i kombinasjon, og som vil læra endå meir.

Vi smakar på seks vinar. Kurset høver både for nybegynnarar og vidarekomne.

Ingvild Tennfjord er Noregs mest lesne vinjournalist. Kvar veke når ho ut til nær ein million lesarar med vinspalter i Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen. Med forståeleg og humoristisk stil gjer ho vinsmakinga til ei oppleving  utanom det vanlege. Tennfjord har skrive sju vinbøker som alle ligg på bestseljarlistene.

 

Varar ca. 1,5t

Ord. 485,- / BT 395,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
Snarvegen til Piemonte | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon