
Feeling groovy?
Steppin’ OUT med gjestemusikarar inviterer til konsert i Griegsamlingen.
Vi har lagt eit spesielt år bak oss, og det spesielle vil slå følge med oss langt inn i 2021. Det er difor ekstra hyggeleg å kunne ønska velkomen til konsert med Steppin’ OUT i Griegsamlingen i Oseana.
Steppin’ OUT er eit liveband med eit rikhaldig program, og dei blandar gjerne sjangarar. Delar av repertoaret er sjølvkomponert. Nokre av låtane ligg ute på dei digitale plattformene, etter at Steppin’ OUT sist sommar tok turen i studio. Dei to vokalistane vekslar mellom duettar og solo. Publikum som har vore på konsert med Steppin’ OUT før, vil både kunne kjenne igjen låtar, men også bli presentert for nye.
Steppin’ OUT:
Kristine Bjånes - vokal
Jan Haaland - vokal
Knut Vidar Garlid - tangentar
Nils Midtseter – trommer
Gjestemusikarar:
Steinar Lyssand - gitar
Tormod Bjånes - bass
Restauranten vil servere drikkevarer og snacks ved borda før konserten.
Unummererte plassar - pass på god avstand til andre pga Covid-19 smittevern.
mandag | stengt |
tirsdag - fredag | 11.00 - 16.30 |
laurdag | 11.00 - 16.00 |
søndag | 12:00 - 18:00 |