nodeimage

TOMMY STEINE: Gi litt mer f*en!

Tommy Steine med heilt nytt show!

Dato

06.november

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 395,-

«En god resept på et godt liv er å gi litt mer f*en» sa Per Fugelli i 2009. Men han sa ikkje noko om kva ein kan gje f*en i - og korleis gjer ein no meir f*en, eigentleg?

 

Fem år etter suksessen «Latterlig Livredd», er Tommy Steine tilbake med ei helt ny framsyning.

I denne framsyninga vil Tommy ta opp psykisk helse og livsmeistring! Kva skjer med oss? Kvifor skjer det? Korleis kan vi meistre det?  Tommy vil fortelje om sin veg opp frå angstkjellaren og tilbake til ein kvardag som han meistrar betre enn nokon gong før. Vi får høyre kva for livshaldningar Tommy lærte av boka Hvordan gi litt mer f*en, og av samarbeidet med forfattar og terapeut Geir Wigtil: går det an å gje litt meir blaffen i alle dei tankane som fører til tankekjør, stress, og i verste fall angst og depresjon? Kvifor bekymrar vi menneske oss så mykje? Kva oppnår ein eigentleg ved å gruble på fortida?

Dette blir garantert ei framsyning du ikkje har sett før, tilbakemeldingane er tydelege; Tommy har aldri vore morosamare, Tommy har aldri sunge betre, Tommy meistrar å ta opp eit så viktig og alvorleg tema…

Tommy har funne sin nye misjon i livet: å bidra til at vi andre også kanskje blir berre litt flinkare til å gje meir f*en ...!

 

Showet hadde premiere på Verdensdagen for psykisk helse, 10 oktober 2019, på Klubben scene i Tønsberg, og er no på turné i heile Noreg.

 

Av og med: Tommy Steine

Tekst: Geir Wigtil, Knut Ole Mittet, Karoline Gregersen og Tommy Steine.

Regi: Karoline Gregersen

Musikk arr.: Jon Rørmark

Produsent: Outcast AS og Itsshowtime AS

 

*Boka som dannar grunnlaget for framsyninga heiter «Hvordan gi litt mer f*en – Mindre tankekjør, mer hverdagsmestring», og blei utgitt på LIV Forlag i 2016. Den er no ute i tredje opplag.

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Servering

Middag før framsyninga? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Intro - Tommy Steine, gi litt mer faen

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00