nodeimage

A Tribute to Dire Straits

Brothers in Arms Tour

Dato

25.september

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 585,-

A Tribute to Dire Straits - Brothers in Arms Tour 

Hyllestkonsert til Dire Straits

 

Gled deg til ei perlerad av hits frå eit av 80-talets største band!

Dire Straits blei danna af Mark Knopfler, John Illsley, David Knopfler og Pick Withers i 1977.  Bandet blei ein verdssuksess. Deira World Tour i 1985-1986 endte med tre millionar selde billettar og over 100 millionar selde plater, med hits som Sultans of swing, Walk of Life og Money for Nothing.

Dire Straits sitt mest populære album, Brothers in Arms, var det første som selde over ein million plater i det dengong nye CD-formatet. Bandet gjekk i oppløysing i 1995, men deira musikk lever vidare mellom anna gjennom denne hyllestkonserten.

A Tribute to Dire Straits har i Sverige spelt for utselde hus med deira Brothers in Arms tour. Musikarane har dei siste seks åra blitt overvelda av fantastisk respons frå publikum – mellom anna under deira besøk i Danmark i 2019. Dei seks medlemmane har no finpussa showet, så denne konserten blir deira største og beste til dags dato.

 

A Tribute to Dire Straits består av:

Totte Rajamäki – song og gitar
Stefan Jonsson – solo gitar
Jan Steel – bass og song
Martin Lindqvist – saxofon, keyboard og perkusjon
Ola Johansson – trommer
Sven Hammarström – keyboard

 

Nokre drypp frå pressa:

– A Tribute to Dire Straits is high standard (Corren)

– Stefan Jonsson´s guitar game is phenomenal (The Barometer)

– The World´s Best Interpreter of Dire Straits (Västerviks avis)

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Servering

Middag før konserten? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

A Tribute to Dire Straits - On the Swedish Night - Trailer 17/18

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
A Tribute to Dire Straits | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon