nodeimage

Utstilling: Lisa Him-Jensen

Vannskudd

Dato

29.september

Tidspunkt

14:00

Pris

Fri inngang

Utstillingsopning laurdag 29. september kl. 14:00

Kunstnarsamtale med Espen Johansen og Lisa Him-Jensen ca kl. 15:00.

 

Lisa Him-Jensen arbeider både med biletkunst og skjønnlitteratur, der det litterære dannar ein stadig større del av hennar kunstnariske arbeid. Tilbakevendande tema i kunstnarskapet hennar er spørsmål som i kva grad sanseerfaringa vår speglar røynda, i kor stor grad minnet vårt speglar kjensgjerningane, samt fenomen som lys og lysbryting. Utstillinga Vannskudd er samansett av teikningar, måleri og tekstbaserte arbeid der denne tematikken blir behandla på ulike nivå – gjennom motiv, teknikk og materialvalg og via visuelle og tekstlege skildringar av skuggar, spegelbilete og refleksar.

 

Det finst ein slags dialektikk mellom språk og bilete i Him-Jensen sine arbeid, der orda si tydelegheit står som motpol til den utforskinga av draumar, visjonar og det reint sanselege som bilet-elementa opnar opp for. Ved å organisere tekstarbeida – dikta - i Vannskudd med lag på lag på transparent papir, gjev ho dei likevel ein eigen visualitet, der orda gradvis blir viska ut som i tåke, og dikta aldri kan bli lese i sin heilskap. Stilt opp mot avbildingar av spegelbilete av ukjende objekt i vatn som vi finn i teikningane og måleria, der vatnet si rørsle forvandlar objekta sine omriss til bølgjande linjer og former, blir utstillinga som heilskap ei undersøking av sanning, etterlikning og minne. Og som ein del av dette: Vår kjensle av mangel og vår lengsel etter noko fast i tilværet.

 

Lisa Him-Jensen tok mastergrad i kunst ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2009 og har studert teoretisk filosofi ved Stockholm Universitet og idéhistorie ved Universitetet i Uppsala. Ho har hatt fleire soloutstillingar i Noreg og Sverige og delttatt på ei rekke gruppeutstillingar både i Skandinavia og internasjonalt. I 2016 debuterte ho skjønnlitterært i Cappelen Damm si årlege antologi Signaler. Hennar første diktsamling, Den sanne Horisonten, kjem ut på Cappelen Damm 1. oktober 2018. Hausten 2018 blei ho tatt opp som student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

 

Utstillinga står til 28. oktober.

Servering

Oseana Kafé og Restaurant: 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00