nodeimage

Tom Kosmo - WILDERLESS - Utstillingsopning

Utstillingsopning kl. 14.

Ca. kl. 15: Kunstnarsamtale med Silje M. Engja Sigurdsen og Tom Stian Kosmo.

Dato

10.november

Tidspunkt

14:00

Pris

Fri inngang

I romantikken sine storslåtte landskapsmåleri finn vi ofte ein ryggvendt menneskeskikkelse som skuar utover landskapet. Denne malte figuren blir ei forlenging, eller dobling, av måleriet sin betraktar, som på same måte står foran biletet og stirrar på biletflata og inn mot måleriet sitt illusoriske landskap. Eit eksempel kan være Peder Balke sitt «Nordkapp» (1848) som er stilt ut i Griegsamlingen. Eit endå meir relevant eksempel i samband med Tom Kosmo si utstilling er Caspar David Friedrich sitt berømte måleri Vandreren over tåkehavet (1818). Friedrich sin velkledde mann, som ser utover landskapet med alle landskapet sine sublime karakteristikkar, både leiar oss inn i biletet og forsterkar stemningsuttrykket i naturmotivet. Men forsterkar ikkje skikkelsen, idet han sperrar for delar av utsynet, også vår bevissthet om vårt doble utanforskap der vi står på utsida av både landskapet og biletet? Dette einsame utanforskapet blir tematisert på overraskande måtar i Tom Kosmo sine måleri.

 

Natur- og menneskemotiv dannar ein dominerande tematikk i store delar av Kosmo sitt kunstnarskap, enten det dreiar seg om måleri, teikning, grafiske arbeid eller objekt og installasjonar. Sambandet til romantikken, og ikkje minst til Friedrich, er utvetydig i fleire av måleria og dei måleriske objekta i utstillinga i Galleri Hvelvet. Men der Friedrichs vandrar ved sin dominerande posisjon i biletet sperrar for delar av motivet, og derved nærast oppfordrar oss til å gå ut og søke oppleving i sjølve landskapet, ikkje berre i biletet, skjer det noko ganske anna i Kosmo sine måleri. Som betraktarar opplever vi umiddelbart at det er noko som ikkje stemmer. Figuren hevar seg over landskapet på ein annan måte, både nærare og fjernare enn hos Friedrich, og ganske snart oppdagar vi at det avbilda mennesket kastar skygge over landskapet på eit vis som ikkje kan forklarast med optiske lys- og skyggefenomen i naturen. Ein åpenbar referanse er den surrealistiske målaren René Magritte, som i naturalistisk stil stilte menneske og gjenstandar i realistisk sett heilt umoglege situasjonar og relasjonar. Uvanlege samanstillingar er plenty også i Kosmo sine arbeid, og som hos Magritte stimulerer dei til intellektuell og eksistensiell undring, og ei melankolsk undertone gjennomtrenger det absurde scenariet. Iscenesetting kan være eit stikkord, og her sameinar Kosmo si biletverd seg ikkje berre til romantikken og surrealismen, men til samtidskunsten sitt iscenesatte fotografi. Det er ikkje naturen som blir avbilda i verka hans – utstillinga si tittel er trass alt Wilderless, ikkje Wilderness - men våre kulturelle bearbeidingar av naturen og naturen sine element. Sånn sett handlar alle arbeida om biletet, biletet si historie og tradisjon, og om vårt forhold til bilete og til kunst som uendelege variasjonar av representasjon.

 

Tom Kosmo (f. 1975 i Fauske) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (2002-2005) og Nordland Kunst- og filmskole (1999-2001). Han har delteke ved ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland, mellom anna ved Hubei Art Museum, Kina, Graficki Kolektiv, Beograd, Serbia, KODE, Bergen og QB Gallery, Oslo. Nylege separatutstillingar har mellom anna vore ved Entrée, Langegaarden og Kunstgarasjen i Bergen, Buen kulturhus i Mandal og Galleri Briskeby i Oslo. Verk av Kosmo er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, Universitetet i Bergen, KODE Kunstmuseer og komponisthjem, Griegsamlingen og Nordnorsk kunstmuseum. Han bur og arbeider i Bergen.

 

http://www.tomkosmo.no/

 

Utstillinga står til 6. januar 2019.

Servering

Oseana Kafé og Restaurant, tlf. 53 69 51 40

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00