nodeimage

Utstilling: Silje Heggren og Brynhild Winther

Hvelvet

Dato

28.september

Tidspunkt

14:00

UTSTILLING HVELVET

 

SILJE HEGGREN – Time Crystals

BRYNHILD WINTHER – We really need to talk about this, René / Loveletter for Descartes part 1.

 

Brynhild Winther sine arbeid til utstillinga tek utgangspunkt i kjærleiksdikt ho har skrive til Renè Descartes (1596 – 1650). 

René var mi første barndomsforelsking. Eg oppdaga han gjennom filosofi-historiebøkene heime i bokhylla då eg var rundt 10 år, og fall for hans spørsmål, samstundes som alt eg tenkte kolliderte med hans konklusjonar. René har òg vore ein sterk stemme når det gjeld det dualistiske verdssynet som framleis er rådande, og hans tankar er gjennomgripande i mange nivå av korleis mennesket framleis ser seg sjølv i relasjon til verda kring seg. I denne utstillinga fokuserer eg på korleis hans måte å sjå dyr som maskinar utan kjensle, har påverka måtane dyr i har blitt brukt opp gjennom tidene i romforsking, og korleis dei framleis blir brukt i dag som forskingsobjekt. Eg trur at berre ved å vike frå ideen om mennesket som det ypperste evolusjonen har brakt fram, kan ein utføre handlingar og politiske vedtak med respekt for sameksisterande artar. Eg er òg oppteken av dei ulike logikkane som eksisterer i teikning som språk og ord som språk, og korleis språka definerer måtane ein forstår verda kring seg. Ikkje alt i teikningane kan omsetjast til ord fordi dei eksisterer innanfor ein logikk som ikkje er begrensa av grammatikken sine reglar.

 

Winther sin diskusjon med Descartes kjem til syne i måten ho har organisert utstillinga på. Med teikningar satt saman til ein installasjon frå golv til tak i kombinasjon med enkeltståande teikningar, etterapar ho eit reduksjonistisk perspektiv som tek ting ut av den store heilheita. Ho seier sjølv at installasjonane speglar hennar måte å sjå verda: Står du på avstand har du mista kontakten med detaljane. Står du for nær, har du mista oversikta.

 

Bakgrunnen for Silje Heggren sin nyproduserte måleriserie er to forskingsartiklar som blei publiserte våren 2017. To forskargrupper fra MIT og Harvard skildra i desse artiklane den hittil ukjende materien tidskrystallar. Dette er ein materie som oppfører seg annleis enn alle andre materier, og forskarane er svært forundra over korleis dette får utslag. Vanlege krystallar er atom som dannar gjentakande mønstre, litt som man kan se i eit snøfnugg. Normale krystallar har eit repeterande mønster i rommet, men held seg uendra i forhold til tida. Ein tidskrystall er derimot ein struktur som repeterast både i rom og i tid, og utruleg nok er dette ein materie som ikkje vil oppnå ekvilibrium. Dermed vil tidskrystallane (i teorien) aldri slutta med å forandre seg. Tidskrystallar er med andre ord ein slags evighetsmaskin som aldri vil stansa, sjølv om det nok vil vere umogleg å hente ut kraft ein kan bruke til noe effektivt frå dem. For Heggren, som har jobba med evighetsmaskinar og beslekta tema i ei årrekke, var dette sjølvsagt svært spanande nyheiter. Ingen veit med sikkerheit korleis slike tidskrystallar ser ut, noko som opnar for frie fabuleringar rundt korleis dette “magiske materialet” kan sjå ut.

Sjølv om måleria i utstillinga er sterkt inspirerte av den nye forskinga på tidskrystallar, er det viktig for Heggren at dei fungerer på fleire plan. Dei skal gi ein spontan estetisk oppleving, og samtidig invitere til vidare refleksjon og fabulering. I måleria sine legg Heggren vekt på tradisjonelle måleriske problemstillingar som fargeklang og komposisjon, og det å få flaten til å fungere på ein spanande måte. Sjølv om det ligg eit komplisert konsept bak motiva, skal ein kunne oppleve bildene som reine estetiske komposisjonar der betraktaren sjølv fabulerar rundt kva kunstverka “eigentleg” handlar om.

 

Brynhild Winther gjekk ut med master frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2018 og har hatt fleire utstillingar, mellom anna i Bryne kunstforening, Tegneforbundet, Oslo, Immunologisk institutt, UiO, Kunstnernes hus, Oslo, Oppland kunstsenter, Lillehammer, Tag Team, Bergen og GoMa, Glasgow. Winther lager installasjonar med teikning, tekst, skulpturar og objekter, og kunsten hennar stiller spørsmål om korleis menneskje forstår verda og kva slags konsekvenser denne forståinga får for anna liv på jorda. Winther er også skribent og er fast bidragsytar til tidsskriftet Billedkunst. Ho har gitt ut boka Mitt alter ego budde i Etiopia før misjonærane kom. Winter bur og arbeidar i Bergen.

 

http://www.brynhildwinther.no/

 

Silje Heggren er utdanna billedkunstnar og kunsthistorikar, med mastergradar frå Kunstakademiet i Bergen (1998-2002) og UiB (2013-2017). Ho har stilt ut mellom anna ved Galleri Langegården, Bergen, Lysverket, KODE 4, Bergen, Kunstverket, Oslo, Mymälä2, Helsinki, og Bergen Kunsthall. Som billedkunstnar jobber Heggren mest med måleri, teikning og grafikk. Ho er over gjennomsnittet glad i evighetsmaskinar, tidskrystallar, svevande byar og maskinelle konstruksjonar.  Som kunsthistorikar er Heggren særleg opptatt av samtidskunst, kunstteori og minnesmerker.

https://www.siljeheggren.com/

Brynhild Winther si utstilling er produsert med støtte frå Nordisk Kunstnarsenter Dale, NKD.

Utstillingprogrammet i Galleri Hvelvet er støtta av Kulturrådet.

 

Utstillinga står til 27. oktober.

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00