nodeimage

Utstillingsopning - STING

Turid Sværen, Tekstilarbeid 

Dato

29.februar

Tidspunkt

14:00

Kl. 14:00 Utstillingopning. Servering av forfriskningar.

Kl. 15:00 Samtale mellom Turid Sværen og kunsthistorikar Anne Britt Ylvisåker.

Turid Sværen sin installasjon i Hvelvet dominerer rommet frå golv til tak. Dei tekstile verk gjev assosiasjonar til planteteksturar som mose, lauv, lav og skog, men også vatn og hav.  I det ein entrer utstillinga og bevegar seg gjennom installasjonen, kan ein oppleva det heile som ei vandring i lys og skugge. Det er eit særs omfattande og tidkrevjande arbeid som ligg bak den skulpturelle virkninga i dei enkelte verka. Utgangspunktet er to ulike tekstiler og to ulike symaskin-saumar. Etter prosess og behandling, står berre saumen tilbake i to av verkene. I tillegg til dei skulpturelle verka, byr utstillinga også på fotografier. I desse vender tekstilane tilbake til sine inspirasjonskjelder i naturen.

Turid Sværen si interesse for tekstil som materiale, og kanskje spesielt potensialet i sytråden, går heilt tilbake til barndommen. Spesielt legg ho vekt på tida der ho som ung var løpejente på Irisfabrikken her på Os, og henta trådsneller og andre ting syerskene hadde bruk for. Då ho etter kvart blei klar over at det var kunstner ho skulle bli, gjekk ho først på Kunstskolen i Bergen (1998 – 2001), før ho tok ein bachelor ved Kunsthøgskolen i Bergen (2001 – 2004). Ho har hatt separatutstillingar ved Solstrand Fjordhotell (2003) og Galleri Frøya i Kalvåg (2016), og deltatt i ei rekke kollektivutstillingar, mellom anna ved Galleri Oz  (2002 og 2012), ”Spor i landskap”, Tyssøy (2003), Helsingfors kunsthøgskole (2003) og B-Open, Bergen (2004). I 2011 deltok ho ved Os fotoklubb si utstilling i Galleri Hvelvet, Oseana. Ho bur og arbeider i Bjørnafjorden. I tillegg til den kunstneriske virksomheten jobbar ho som miljøterapeut ved Vartun oppfølgingsteneste. 

Utstillinga står til 22. mars.

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00