nodeimage

Vårlansering 2020

Programslepp

Velkomen til lansering av Oseana sitt vårprogram 2020!

 

Vi gleder oss til å vise deg kva vi har på programmet for våren, og inviterer difor til lansering laurdag 7. desember. Det blir servering av gratis julegraut og peparkaker– og tradisjonen tru, utlodning av billettar til fleire av vårens spanande arrangement. Til å setje oss inn i den rette stemninga, får vi hjelp, både av musikkantar frå Os musikkforening i tillegg til Tenorane, som skal helde konsert i Oseana same kveld.

 

Lanseringa skjer i Foajéen kl. 13:00, og er gratis for alle. Velkomen!

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00