nodeimage

Violet Road

Eit av landets beste live-band!

Dato

20.oktober

Tidspunkt

20:00

Pris

Ord. 395,-

Med nye låtar og massiv speleglede er Violet Road klar for høstturné!

 

Etter eit hektisk 2016 med over 80 konsertar og albumutgjeving har Violet Road brukt 2017 til å tenke framover og til å spele inn nytt materiale. Bandet som er rekna som eit av landets beste live-band er no veldig klare for å spela igjen.

 

"Vi er så klare for å spille live som vi aldri har vært før. I 2017 har vi hvilt og jobbet med nytt materiale. Nå skal vi ut av studio, opp av dvalen og ut og spille for folk. Det er det vi brenner for og det vi alltid gleder oss til. Denne gangen sprudler det ekstra av spilleglede og entusiasme for å vise frem nytt materiale.», seier vokalist Kjetil Holmstad-Solberg. 
 

I november i fjor gjekk bandet i studio i Tromsø samman med produsent Joel Hamilton, som har vore nominert til Grammy fire gongar. Han har produsert og miksa for artistar som Tom Waits, The Black Keys, Elvis Costello og Iggy Pop. 

Bandet har foreløpig sluppe tre singlar frå det komande albumet, som alle har nådd mange store spelelister på Spotify. Låten Monument blei brukt i ein stor NSB-kampanje og lista på NRK P1.

 

Sjå Violet Road si heimeside for meir om bandet og videoar:

https://www.violetroad.no/

Du kan og følge vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40

Violet Road - Jericho (Live at Rockefeller 26.10.14)

Opningstider

mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00