nodeimage

Workshop og foredrag med NAVID

Navid Rezvani er både kunsterisk ansvarleg og medverkar i framsyninga BOXISM på Oseana 19. oktober. I samband med framsyninga tilbyr vi både danseworkshop og inspirasjonsforedrag med Navid.

13:00 – inspirasjonsforedrag (blir holdt på engelsk)

14:00 – Workshop (blir holdt på norsk). Kun 30 plasser.

Åpent nivå

Aldersgrense: 10+

 

Varighet: 2 timer inkl. foredrag, workshop og pause.

Foredrag og workshop 150,-

Kun foredrag 40,-

 

Navid Rezvani vann NM i breaking i 2016, og er i dag ambassadør for Olympiatoppen.

Etter at han var ein av finalistane i den norske versjonen av TV –showet “So You Think You Can Dance», og fekk 2. plass i Norske Talenter, turnerte Navid Noreg med Riksteatret og den kritikarroste framsyninga «Each One Teach One».

Navid er ein ekte "B-boy" (breaker) og bruker element frå hiphop-kulturen til å uttrykke seg. Han er internasjonalt kjent for sitt arbeid med å dele dei verkelege verdiane frå hiphop-kulturen i sine framsyningar, dokumentarar og inspirerande foredrag. Gjennom år med reiser, konkurransar og framsyningar i ulike delar av verda, har Navid med seg erfaringar frå ulike kulturars historier, utfordringar og vanar. Dette kjem til uttrykk i hans formidling på scenen. Navids mål er å være brubyggar mellom kulturar, og bringe folk saman.

BILLETTAR får du her

Meir om danseframsyninga BOXISM finn du her

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00