
Den perfekte starten på laurdagen for morgonfuglar som vil ha litt meir ut av dagen!
La laurdagsmorgonen få ein roleg start med yoga til fjordutsikt og kunstskattar, og kjenn energien kome med ein herleg frukost etter økta. Klassen kjem til å være mjuk og roleg og vil eigna seg godt for alle nivå - uansett utgangspunkt. Vi står for matter og anna utstyr, men ta gjerne med gode sokkar til avspenninga på slutten.
09:00 - 10:00 Yoga i kunsten
10:00 - 11:00 Frukost i restuaranten
Yogalærar: Karina Lyssand, Os Yoga
Pris er inkl. yoga og frukost.
OBS: Begrensa antall plassar!
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
mandag | stengt |
tirsdag - fredag | 11.00 - 16.30 |
laurdag | 11.00 - 16.00 |
søndag | 12:00 - 18:00 |