Astrid Drageset – 19.01 – 10.02

Astrid Drageset – 19.01 – 10.02

Utstillinga opnar kl. 14.
Ca. kl. 15: Kunstnarsamtale mellom Ingebjørg Engel Astrup og Astrid Drageset.
 
Astrid Drageset sine arbeid ber preg av sterk handverkstradisjon, formal og kompositorisk sjølvsikkerheit og ei rik og nyansert fargehaldning. Det første og siste uttrykkjast ikkje minst ved at ho arbeider i den eldgamle teknikken eggtempera, same teknikk som blei brukt, og brukast framleis, i framstillinga av dei ortodokse kyrkjene sine ikon. På same måte som handverkarane i middelalderen tek ho sjølv hand om alle delar av prosessen forut for sjølve målinga, både preparering av linlerretet og blanding av egg og fargepulver. I arbeidet med sjølve måleriet er ho spesielt oppteken av dei moglegheitene denne teknikken gjer for gjennomskinnelegheit og fargar som beheld sin kvalitet mens dei endrar seg optisk under ulike lysføresetnader.
 
Måleria i denne utstillinga er hovudsakeleg abstrakte, og sjølv om det kan sporast teikn og symbolbruk som peikar utover det reint nonfigurative, og enkelte bilete strekkjer seg ut av abstraksjonen med subtile naturmotiv, er impulsane frå geometrisk abstraksjon særdeles nærværande i dei fleste arbeida. At dette ikkje nødvendigvis gjer ein streng eller kjølig effekt, må igjen tilskrivast den nyanserte fargebruken. Dei strålande, men samstundes mjuke fargeflatene er kanskje det som aller først treff betraktaren sitt sanseapparat i møte med utstillinga.  
 
I tillegg til måleria, har Drageset bygd tre skulpturar til denne utstillinga. Dei elegante formene er alle i tre og delvis overmalt med eggtempera, noko som bind dei organisk til bileta som omgjev dei, og bidrar til ei kjensle av heilskap i utstillinga. I utgangspunktet er også skulpturane abstrakte, men dei kan lett assosierast til kjende former, for eksempel båtformen, noko som kanskje kan tilskrivast kunstnaren si erfaring frå arbeid ved båtverkstad.
 
Astrid Drageset har utdanning i måleri og grafikk frå Kunstakademiet i Bergen (1978-82) og har også studert arkeologi ved Universitetet i Bergen. Ho har hatt separatutstillingar blant anna i Bergens Kunstforening, Galleri Oz, Galleri Vedholmen (Os), Galleri Parken (Bergen) Namsos Kunstforening og Tromsø Kunstforening og har stått for ei stor utsmykking ved oljeplattforma Gullfaks A. Ho har delteke i ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland, blant anna Vestlandsutstillingen, Høstutstillingen, Galleri Norske Grafikere, ”Bergenskunstnere i Lübeck”, Tegnerforbundet og nyleg i Kunstgarasjen (Bergen) og Asker Kunstforening. Ho er for tida med på gruppeutstillingar ved Linden Hall Studio (UK) og Vejle Kunsthal i Danmark. Astrid Drageset bur og arbeider i Os.
 
Vårprogrammet i Galleri Hvelvet er støtta av Kulturrådet