Oseanas klimasatsing

Oseanas klimasatsing

Oseana er Miljøfyrtårnsertifisert og er medlem av Klimapartnere. 
Vi tar miljøet på alvor og utnyttar dei ressursane vi kan på en smart og berekraftig måte.

Eit av norges største solcellepanel
Oseana er teikna av Grieg Arkitekter og er lett gjenkjenneleg med bøljande former og store glassfasadar. Bygget er kledd med eit 463m² solcellepanel som er forventa å generere 42 000 kWt per år, og dermed dekkje 20 prosent av bygget sitt elektrisitetsbehov.

Fleire tiltak
Vi har sidan 2016 etablert kjeldesortering, elbil ladarar, videokonferanse rom, målingar på matavfall, samt optimalisert styringssystema våre for varmepumpe og solcelleanlegg. Vi har bytta ut all eingongsplast og vi bruker mykje tid på å informere leverandørar, samarbeidspartnarar og publikum om dei gode løysingane.

Oseana har omlag 80.000 besøkjande pr. år. Som eit kommunalt føretak, ønskjer vi å gå føre med dei gode eksempla. I 2020 laga vi mellom anna seks klimafilmar som blir vist i sosiale medium og i førekant av kinoframsyningane våre.  

Vi jobbar med berekraft og vil rette oss etter FNS berekraftmål fordi det gjev meining, internt samhald, og kulturhuset fleire samfunnsnyttige bein å stå på. Vidare gjev dette oss betre økonomi, som vi kan bruke på kunst- og kulturopplevingar til glede for publikum. 

Norsk kultursektor lanserte grønt veikart for kulturlivet i mars 2021. Dette arbeidet har Oseana, som representant i styret i Norske kulturhus, aktivt delteke i.

Vi vil gjerne ha di tilbakemelding på klimaarbeidet vårt, og dersom du har innspel er du velkommen til å kontakte oss.

Se vårt Miljøfyrtårn sertifikat (PFD)

Hvis alle gjer litt, blir forskjellen stor!