Praktisk info

Praktisk info

Her er alt du treng av informasjon for å få mest mogleg ut av ditt besøk hos oss!

Billettkjøp

Billettar til våre arrangement kan kjøpast i vår resepsjon, på vår heimeside, reserverast over telefon: 917 50 231 eller epost: resepsjon@oseana.no. Resepsjonen er open onsdag-søndag frå 12:00-16:00. Ved arrangement opnar resepsjonen ca. 1 time før start.

Gåvekort

Gåvekort på valfritt beløp kan kjøpast ved å klikke her, eller i vår resepsjon.

Her finn du oss

Det er lett å besøke Oseana både med bil, buss og båt. Vår adresse er Mobergsbakken 20, 5200 Os – kun tre mil frå Bergen sentrum og Flesland Flyplass.

Buss: Frå Bergen/Lagunen kan du ta rute 600 til Osøyro. Kun få minutt å gå frå busstoppet på Os til Oseana.

Bil: Det tar om lag 20 minutt å kjøyre til Oseana frå Flesland Flyplass og Bergen Sentrum.

Parkering: Oseana har eigne parkeringsplassar, men her blir det fullt ved de fleste arrangement. Parkeringssystem: UNUM. 9 timar gratis parkering, og automatisk skiltavlesning ved inn/utkøyring. Parkeringsplassar finn du òg i Os Sentrum. Les meir.

Båt: Gjestebrygge rett ved Oseana og i Os sentrum. Les meir

Bubil: Det er tilrettelagd med eigne bubilparkeringar i Os. Les meir

Overnatting

Treng du overnatting kan vi anbefale Solstrand Hotel & Bad eller Bjørnafjorden Hotell

Garderobe og toalett

Klesstativ til bruk på eige ansvar ved resepsjonen i foajeen. Her finn du òg toalett og stellerom.

For deg med nedsett funksjonsevne

Oseana er tilgjengelegheitstilpassa og har heistilgång frå alle etasjer. I vår billettskranke kan du bestille både rullestolplass og teleslynge.

I foajèen og i underetasjen finns toalett tilpassa bevegelseshemma. Eigne parkeringsplassar foran huset på merka plasser. Kontakt ein av våre vertar i foajèen dersom du har behov for assistanse.

Oseana Cafè & Restaurant

Restauranten har utvida opningstid i forbindelse med dei fleste arrangement på huset, slik at du kan nyte eit godt måltid eller noko å drikke før arrangementet. Sjå opningstid, meny og reserver ditt bord her.

Baren i foajeen er òg open ved dei fleste arrangement. Opnar ca 1 time før start. Det er tillate å ta med glas inn i salen.

Grieg Kunstsamling

Kunstsamlinga er open når resepsjonen er bemanna, i hovudsak onsdag-søndag frå 12:00-16:00. Gratis inngang.

Gratis kunstomvising kvar søndag frå 13:00-14:00.

Lyd, lys og røyk

Ver merksam på at enkelte konsertar kan ha høg lyd.
Strobelys: Det blir informert om dersom det blir brukt strobelys på våre forestillinger.
Røyk: På nokon av våre arrangement blir det brukt røykmaskin.

Lurer du på noko? Spør oss gjerne!