Mat og drikke på Oseana

Mat og drikke på Oseana

På Oseana finn du fleire serveringstilbod, både på dag- og kveldstid.

Serveringstilbodet på Oseana blir drive av Det Gode Selskap i samarbeid med Jannike og Arild Hatland.

Oseana kafé

Nyt ein kaffikopp eller eit godt måltid med panoramautsikt over fjorden. Kaféen tilbyr smørbrød, salatar, utvalde varmrettar og dessertar.

Opningstid: onsdag–søndag kl. 12.00–19.00.

Sjå www.oseanakafe.no for meny og bordreservasjon.

Kontakt: kafe@oseana.no | tlf: 55098555

Servering før kulturarrangement

Oseana kafé held ope før dei fleste kulturarrangement. Her kan du nyte eit godt måltid eller noko å drikke før arrangementet startar.

Vi anbefaler å bestille bord på førehand, slik at du er sikra plass. Grupper på meir enn 10 personar må førehandsbestille mat.

Kjøkkenet stenger éin time før arrangementsstart.

Foajébar

Foajébaren er open ved dei fleste kveldsarrangement og opnar om lag éin time før arrangementsstart.

Drikke frå baren kan takast med inn i salen.

Servering til møte og selskap

Skal du arrangere møte, konferanse eller selskap på Oseana? Det Gode Selskap leverer mat og servering til små og store arrangement, tilpassa dine ønskje og behov.

Ta kontakt på post@detgodeselskap.no for menyforslag og prisar.

Kiosk i foajeen

Resepsjonskiosken held ope i husets ordinære opningstid, onsdag–søndag kl. 12.00–16.00, og i samband med arrangement.