Oseana – det naturlege valet

Konsert, konferanse, bryllup, eller møte? Vi har lokale til alle anledningar.

Med vår flotte plassering rett ved Bjørnafjorden og korte avstand til Bergen og Flesland flyplass, er vi eit ideelt val for alle typar arrangement. Det er lett tilkomst både med bil, båt og buss. Oseana ligg i gongavstand frå kommunesenteret, busstasjonen og drosjehaldeplassen på Osøyro. Vi ligg også like ved gjestehamna, som har alle fasilitetar for 20 båtar i ny molo.

Med Oseana si plassering, har du den perfekte lokasjon for meiroppleving til ditt arrangement. Kva med båttransport frå Bergen, Oselvarkappløp i havna, eller til og med ein helikoptertur over Folgefonna?

Sjå i menyane under, eller kontakt våre representantar for meir informasjon og eit uforpliktande pristilbod.

Artist / management:

Arrangementsjef Berit Steen

berit@oseana.no

916 84 128

Møte, konferanse, selskap:

Roald Mjelstad

roald@mjelstadholding.no

482 39 927

Kulturarrangement

Våre lokale kan tilpassast ditt arrangement, anten det er konsert, show, dans eller teater. Vi har opp mot 500 sitjeplassar og over 1100 ståplassar. Fleire av våre rom kan enkelt kombinerast. Klikk her for oversikt over våre lokale.

Møte- og konferanselokale

Vi har lokale til både mindre dagmøte, kurs og større konferansar og messer. Vi har også gode uteområde som kan nyttast. Klikk her for oversikt over våre lokale.

Selskapslokale

Oseana er den perfekte lokasjon for din store dag – om det er bryllup, konfirmasjon eller andre merkedagar. Også julebord og andre firmafestar kan vi hjelpe deg med. Klikk her for oversikt over våre lokale.