Private omvisingar

Private omvisingar

Oseana tilbyr kunstomvisingar for grupper, som kan bookast til ønskt tidspunkt. Omvisinga er anbefalt for maks 30 personar, og varer i mellom 45 minutt til 1 time.

Gruppa får tildelt sin eigen omvisar, og vi tilpassar nivået ut frå alder og kva kunnskap de har frå før. Det er mogleg å komme med ønske om å fokusere på enkelte tema i utstillinga de vil dykke djupare inn i.

Omvisingane er fleksible i formen, og kan ha større eller mindre grad av deltaking, etter ønske. Alt frå tradisjonell omvising til «omvend omvising», der deltakarane sjølv er aktive i ein dialog rundt kunsten. Kom gjerne med forslag, så kan vi sjå kva vi kan få til saman!

Det er mogleg å booka utanom ordinær opningstid, med eit tillegg i prisen. Ta kontakt med Jørgen Larsson på jorgen@oseana.no eller telefon 482 37 888 for meir informasjon og pris.

Dersom du ønskjer ein pakke med servering av mat, drikke eller andre tilleggsprodukt, ta kontakt med restauranten på restaurant@oseana.no (telefon 53 69 51 40).

Pris

Prisen for omvising er 2500,- for kvardagar på dagtid og 3000,- for helg eller kveld.
I tillegg kommer inngangspengene. (40,- for barn/honnør/student og 80,- for voksen)
Betaling i resepsjonen (ope onsdag-søndag 12:00-16:00) eller ved tilsendt faktura.

Slik går du fram for å booke omvising:

  • Send en e-post til jorgen@oseana.no med ønsk tidspunkt, antal personar og din kontaktinfo
  • Vi kontaktar deg på e-post eller telefon for å avtale tidspunkt.

Velkommen til Oseana!

Kurator, Jørgen Larsson

jorgen@oseana.no

482 37 888