Om kulturhuset

Om kulturhuset

Oseana kunst- og kultursenter ligg på Os, i Bjørnafjorden kommune, like sør for Bergen. Du finn oss i brytninga mellom sjø og land på Mobergsneset, og her kan du oppleva unik kunst og kultur, kombinert med vakker natur, friluftsliv og god mat. 

Kultursal, restaurant, galleri og lokale for kurs, konferansar, møter og selskap er fordelt på 5800 kvadratmeter. Oseana har eit av Noregs største solcellepanel, og vi har Miljøfyrtårn-sertifisering. 

Nærleiken til Bergen gjer det lett å besøka oss, både med bil og buss (rute 600 til Osøyro).  Det er ca tre mil til Bergen sentrum, og like langt til Bergen Lufthavn Flesland.  

Dersom du ønsker eit lengre opphald, kan vi anbefala overnatting på Solstrand Hotel & Bad eller Bjørnafjorden Hotell. 

Historia bak

Frå kunstsamling til kulturhus

2006: 

Per Grieg sr. tok kontakt med Os kommune v/ordførar Terje Søviknes.  Han presenterte tankane om å byggja eit kunstmuseum som skulle husa Grieg si kunstsamling, og gjera denne tilgjengeleg for folk flest. Sjølve bygget skulle også vera spektakulært, helst liggja ved fjorden, og representera noko nytt i høve tradisjonelle kunstmuseum. 

Initiativet frå Grieg resulterte i ein omfattande prosess i Os kommune. Regionale, nasjonale og internasjonale kulturmiljø vart utfordra, og alle fekk koma med sine kravspesifikasjonar. Idéen utvikla seg til eit multifunksjonelt kunst- og kultursenter, teikna av Grieg Arkitekter v/Andreas Grieg.

18. desember 2008: 

Samrøystes vedtak i Os kommunestyre om realisering av Oseana kunst- og kultursenter.

24. april 2009:  

Byggjestart på Mobergsneset.  Overskotsmassar blei nytta til ny molo i Os Hamn.  

17. juni 2011: 

Offisiell opning av Oseana kunst- og kultursenter.

Senteret er finansiert i eit offentleg-privat spleiselag mellom den gong Os kommune, Hordaland fylkeskommune, Grieg Foundation, næringsaktørar i Oseanalauget og andre private gjevarar. Total kostnad var ca 200 millionar kroner.

Organisasjon

Drifta av Oseana er organisert i eit kommunalt føretak (KF).  

Styret for Oseana KF 2020-2021: 

Styremedlemmar: 

  • Gjert Atle Gundersen – leiar 
    • William Lindborg – nestleiar 
    • Gustav Bahus 
    • Siren Tømmerbakke  
    • Vidar Bratlund-Mæland 
    • Liv Kolle-Holmefjord 
    • Veronica Søilen Halhjem (tilsettrepresentant) 

Varamedlemmar: 

  • Anita Lindvik Hjelle Sævareid 
  • Sonja Vernøy Hansen 
  • May Brit Haringstad 
  • Geir-Magne Johnsen Moberg 
  • Otto Lyssand 
  • Vigdis Øvreeide 
  • Lasse Nordahl-Pedersen (tilsettrepresentant) 

Oseanalauget

Oseanalauget er Oseana kunst- og kultursenter sitt eige sponsorlaug. Lauget består av verksemder og privatpersonar som alle har bidrege med midlar til bygging av senteret.

Medlemmane av Oseanalauget er plassert inn på ulike nivå i sponsorpyramiden.

  • Hovuddonator kr 65 mill
  • Hovudsamarbeidspartnar kr 3 mill
  • Sponsor kr 2 mill
  • Ambassadør kr 500 000
  • Oseanavenn kr 2 000 – 500 000

Oseanalauget si målsetting er å skapa begeistring for Oseana kunst- og kultursenter. Utan dette private engasjementet, og medlemmane i Oseanalauget sine økonomiske bidrag, hadde ikkje Oseana blitt ein realitet anno 2011!

Sponsorar

  • Grieg Foundation
  • Alutec AS
  • Kavlifondet
  • Sparebanken Vest
  • Fana Sparebank
  • Strømberg Gruppen AS
  • Storbergen

Samarbeidsparnarar

Bjørnafjorden kommune

Vestland Fylkeskommune