Teknisk informasjon Oseanasalen

Teknisk informasjon Oseanasalen

Salen er utstyrt med eit rulleamfi med opptil 490 sitjeplassar i fast oppsett, som strekkjer seg 22,5 meter i lengde. Utan amfi kan heile arealet på 700 m² nyttast som flatt golv. Størrelse: 19 x 37 meter.

Storsalen har om lag 8,5 meter takhøgd til himling, og om lag 7,5 meter til underkant av scenetrekk. Over scenen er det justerbare akustikkelement som gir gode lydforhold for ulike typar arrangement.

Oseanasalen har parkettgolv og lyddempande flater i både himling og veggar. Det kan riggast scene med lause sceneelement i ulike høgder, opp til éin meter. Salen er godt utrusta med lyd- og lysteknisk utstyr.

Publikum kjem inn i Oseanasalen frå foajeen.

Det er mogleg å lasta og lossa direkte til bakscena frå lastebil eller vogntog, via port til sidelager ved scena.

Klikk under for meir informasjon, mellom anna om lyd og lys.