Snødronningen – med Grand Kyiv Ballet

Snødronningen – med Grand Kyiv Ballet

Grand Kyiv Ballet har gleda av å presentera eit unikt ballettsamarbeid mellom koreograf Alexander Abdukarimov og den finske komponisten Tuomas Kantelinen. 

Hans Christian Andersens Snødronningen er eit tidlaust eventyr om evig kjærleik og venskap som overvinn sjølv dei største hindringar.

I denne magiske forteljinga bur ein gut ved navn Kai og ei jente ved navn Gerda side om side. Dei er uskiljelege vener. Kai si bestemor fortel barna om Snødronninga, den mektige herskerinna over is og snø. Ho fortel òg om eit vondt troll som skapte ein forheksa spegel – ein spegel som forvrengjer alt han speglar. Det gode og vakra blir stygt og kaldt, mens det vonde blir forsterka.

Ein dag splintrast speglen i tusen bitar, og dei ørsmå brota virvlast med vinden. Eit av dei finn vegen til Kai sitt auge, eit anna til hjartet hans. Plutseleg ser han verda med eit kaldt og forvrengt blikk – alt som ein gong var vakkert, verkar no stygt. Hjartet hans, som før var fyld av varme og glede, frys til is. Han vert avvisande og ufølsam, og vert til slutt lokka bort av Snødronninga, som tek han med til sitt iskalde slott.

Gerda, knust over å ha mista sin beste ven, legg ut på ei lang og farleg reise for å finna Kai og bringa han heim. Ho møter mange utfordringar på vegen – troll, røvarar, snøfnugg, mystiske skapningar og kongelege – men let seg ikkje stanse. Til slutt finn ho Kai i Snødronninga sitt slott, der kulden har gjort ham kjenslelaus. Men Gerda gir aldri opp. Hennar kjærleik og varme tårer smeltar isen i hjartet hans og bryt forbanninga.

Snødronningen er ein storslått og visuelt blendande ballett som tar publikum med på ei magisk reise gjennom iskalde landskap og eventyrlege verder. Med klassisk ballett, vakker musikk og spektakulære scenebilete er dette ei framsyning som vil trollbinde både unge og vaksne.

 —

Framsyninga varer i om lag 1 t 40 min, inkludert ein 20 minutts pause.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no