Lanseringskonsert med Edvard Grieg Guttekor

Fredag 19. juni Kl. 11:00

Velkomne til lanseringskonsert med songane frå Edvard Grieg Guttekor og musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester! Opptaket strøymast fyrst eksklusivt til alle Noregs sjukeheimar via OseanaLIVE 19.juni, og visast deretter på Bergenphilive 20. juni kl. 19.30: https://www.bergenphilive.no/…/lanseringskonsert-siste…/

I desse dagar skulle vi arrangert aldringsfestivalen, «Siste Kapittel» for fyrste gong. På grunn av smitteverntiltak vert festivalen flytta til 18 og 19 juni 2021, men vi er stolte over å presentere vår rykande ferske lanseringskonsert på nett! Konserten er ei nyinnspeling frå Grieghallen av fire Erik Bye-songar som er godt kjende for mange.Vi får også høyre «Vårsøg» av Henning Sommero i instrumentalversjon. I tillegg til musikk har vi fått låne verk frå mellom anna KODE, som ei fin ramme rundt musikken.Siste kapittel er ein nyoppretta stiftelse som arbeider på tvers av felt/fag for å skape eit aldersvenleg samfunn. Festivalen er eit eksperimentelt og framtidsretta samarbeid mellom Bergen Nasjonale Opera, Universitetet i Bergen, Bergen kommune og Bergen sanitetsforening.