Story, story, die

Story, story, die

Med 7 ekstraordinære, internasjonale dansarar ser Story, story, die på samanhengen mellom løgn og kjærleik: det vi gjer for å bli likt. Stadig arrangerer vi kvardagen for kvarandre i eit forsøk på å stå fram i eit betre lys. Vi lyg om oss sjølv og isceneset liva våre – når vi møtest i det verkelege liv og via sosiale medium. Det er ei evig jakt på anerkjenning – eit signal om at vi er elska. Men den moderne kjærleiken vi søkjer er ikkje betingelseslaus, den er avhengig av suksess, og interessa og responsen fra internet forsvinn raskt...

Alan Lucien Øyen og winter guests fortel historier om den moderne verda. Ofte med utgongspunkt i erfaringar frå det verkelege liv, skapar dei innovative fleirfaglege teater og danseverk. Framsyningane er kritikarroste, og kompaniet har etter kvart ein stor skare internasjonale tilhengjarar. Kompaniet er basert mellom Bergen og Oslo, og sidan 2009 har Alan Lucien Øyen samarbeida tett med den britiske dramatikaren og skodespelaren Andrew Wale.
Alan er ein av scenekunstens mest allsidige aktørar i Noreg i dag. Han arbeider like sjølvsagt som teaterregissør som koreograf, og skriv sjølv manus. Ved sida av sitt arbeid med winter guests, skapar Alan framsyningar for operahus, samtidsdanskompani og institusjonsteatre over heile verda, mellom anna Paris Operaen, Tanztheater Wuppertal Pina Bauch.

Koreografi: Alan Lucien Øyen
Dansarar: Olivia Ancona, Zander Constant, Mai Lisa Guinoo, Pascal Marty, Lee Yuan Tu, Tom Weinberger, Cheng An Wu
Prøveleiar: Stephan Laks
Lysdesign: Torkel Skjærven
Lyddesign: Terje Wessel Øverland og Gunnar Innvær
Scenograf: Martin Flack
Kostymedesign: Stine Sjøgren
Prosjektleiar: Lisa Reynolds
Produksjonsassistent: Margrethe Nandrup Rylander

Koreografien er utvikla av dansarane i dialog med Alan Lucien Øyen.

Samproduksjon DANSENS HUS, Oslo / JULIDANS, Amsterdam / Den Norske Opera og Ballett, Oslo

Støtta av Norsk Kulturråd og ORSOLINA28.

Verdspremiere Dansens Hus, Oslo 25. mai 2019

Varer 90 minutt