Kino: Si ingenting

Kino: Si ingenting

Rapartisten Kamelen har dei siste åra blitt kjendis i Noreg. Sjølvsagt på grunn av musikken, men ikkje minst på grunn av ein røff livsstil og fleire møte med politiet.

I kinofilmen SI INGENTING blir vi kjend med Marcus, mennesket bak artistnamnet Kamelen. Gjennom ærlege augeblikk, spenstige verkemiddel og eit fett lydbilete får vi oppleve begge sidene av hans personlegdom: Samfunnsborgaren med profesjonell artistkarriere og livet på stell, og den andre Marcus, han som lar ADHD’en få utløp gjennom å pushe alle grenser.
Etter kvart som karrieren tar av og fanskaren veks, er han tvungen til å ta stilling til spørsmålet: Er det mogleg å leve eit liv med den eine foten i ei kriminell kjerne, og med den andre i det normale samfunn, eller må han velje side?

Premiere: 26.08.2022
Skodespelarar: Marcus Kabelo Møll Mosele, Leo Ajkic m.fl
Sjanger: Dokumentar
Regi: Rolv Lyssand Bjørø
Nasjonalitet: Norge
Aldersgrense: 9 år
Denne filmen inneheld enkelte scenar med rus og våpen, som kan virke urovekkjande på yngre barn. Den får difor aldersgrense 9 år.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Norsk Filmdistribusjon

Varer 1 time 22 min

Regissør Rolv Lyssand Bjørø er til stades under visninga i Oseana.