Kino: Mrs. Harris Goes to Paris

Kino: Mrs. Harris Goes to Paris

Ei britisk vaskekone reiser på ei fortryllande reise til Paris for å kapre draumekjolen.

Enka Ada Harris (Lesley Manville) får endane til å møtast ved å vaske rike folk sine leilegheiter, etter at mannen hennar forsvann under 2. verdskrig. Ein dag får ho vete at ho har ein god sum med uteståande krigspensjon etter mannen, noko som kan finansiera draumeturen til Paris. Ada har forelska seg i Christian Dior sine kolleksjonar, og er fast bestemd på ikkje å vende heim utan å ha kapra eit stykke haute couture.

Premiere: 21.10.2022
Skodespelarar: Lesley Manville, Isabelle Huppert, Jason Isaacs, Anna Chancellor, Christian McKay, Rose Williams, Alba Baptista
Sjanger: Komedie / Drama
Regi: Anthony Fabian
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: Tillatt for alle
Denne filmen inneheld ingen scener som antas å være skadelege for barn. Den blir derfor tillatt for alle.
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: United International Pictures
Filmen varer 1 t 56 min.